Arrangement: Likkledet i Torino, Langevåg kyrkje 19. oktober kl. 18.00

Det tverrfaglege arrangementet i Langevåg i haust skal handle om Likkledet i Torino, og musikken dei høyrde, dei som fant det rundt 1350. Vi er skikkeleg glad for å kunne invitere til ein flott kveld med Wolfgang Plagge og Atle Ottesen Søvik. Dei skal snakke om Likkledet og spele fantastisk musikk som gir oss auka innsikt i korleis dei hadde det, den gongen Likkledet vart oppdaga.

Arrangement: Likkledet i Torino, Langevåg kyrkje 19. oktober kl. 18.00

Likkledet i Torino har vore omgitt av mykje mystikk. For mange er det ein viktig, trusstyrkande artefakt, andre meiner det er eit typisk kyrkjeleg marknadsførings-stunt. Vi vil finne meir ut av dette, og inviterer til eit spanande foredrag om temaet, med professor Atle Ottesen Søvik ved MF Vitenskapelige Høyskole (Menighetsfakultetet).

Mykje av debatten rundt likkledet er polarisert og prega av opportunistisk argumentasjon, ein leitar etter gode argument for det ein ønsker å finne. Vi kan love at foredraget i Langevåg ikkje vært slik!

Ottesen Søvik har jobba mykje med Likkledet, og m.a. skrive fleire artiklar som tek for seg dei kjente, akademiske argumenta for og mot Likkledet sin ekthet. Ottesen Søvik er kjent for å vere ein god foredragshaldar, som presenterer vanskeleg stoff på en måte som er tilgjengeleg, samtidig som han er balansert og ikkje lettvint.

Omtrent samstundes som Likkledet kom fram i lyset første gong, oppstod Ars Nova - stilen i Europa. Wolfgang Plagge kjem for å gi oss ei musikalsk og teologisk reise frå oldtida og fram til vår tid, med spesiell fokus på den musikken som var ny, den gongen Likkledet først kom fram i lyset. Plagge er ein viktig og framståande musikar i Norge. Han har ei omfattande solokarriere og har spelt saman med ei rekke andre framstående musikarar og orkester. Han har stor interesse for tidleg-musikk, og han har også komponert eigne verk, inspirert av Ars Nova.
 
 
Velkomen til Langevåg kyrkje torsdag 19. oktober kl. 18.00
Billetter: Kr 200, VIPPS eller kontant. Ungdom under 18: Gratis
Arrangementet er støtta av Kulturrådet, Sparebanken Vest og Møre Bispedøme
 
 

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"